|
OM GISSELIGAEN Gisseligaen er ei intern tevling mellom 6 som er særs interessert i engelsk fotball. Ideen vart lansert av Terje, under ein av dei utallige fortballkampane me såg saman. Kvar laurdag samlast me i "Podlao" til tippekamp, og slik vart me altso samde om å skapa ein liten tevling. Tevlinga kan følgjast på denne nettstaden, og vert oppdatert kvar laurdags kveld. I tillegg til tabellen på framsida, kan du og sjå resultata runde for runde. *Alle deltakarar mottek SMS frå Webmaster når nettsidene er oppdaterte, eller dersom det føreligg annan naudsynt informasjon.
DELTAKARAR Dei 6 deltakarane er: Tor Ove Moum, Terje Fardal, Sven Roger Sørensen, Alf Thorsnes, John Walsvik og Kenneth Fredriksen.
REGLAR Kvar laurdag skal kvar deltakar fylla ut og levera ein tippekupong med 32 rekker, altso 5 halvgarderingar. Målet er sjølvsagt å få flest mogeleg rette så lenge tevlinga varar. *Det er kun dei rundane det finst Premier League kampar på Lørdagskupongen, som vert teljande i Gisseligaen. Dersom det til dømes ikkje er full runde i Premier League (ved landskampar, FA-cup, Ligacup eller likande), vert det heller ikkje gjennomført nokon teljande runde i Gisseligaen. Tevlinga varar heilt til Premier League sesongen 2004-05 er avslutta. Dersom ein av deltakarane ikkje kan stilla opp til kampstart, kan han ta kontakt med ein av dei andre deltakarane og lesa opp kupongen sin, dersom dette skjer minimum eit kvarter før kampstart. Dersom ein av deltakarane ikkje stiller med utfylt kupong eller gir beskjed på førehand, får han automatisk eitt poeng mindre enn det den deltakaren med lågast poengsum oppnådde i samme runde. Webmaster tek atterhald om eventuelle feil i samband med presentasjon av resultata på nettsidene. Hugs difor at kvar deltakar til ei kvar tid har plikt til å følgja med sin eigen poengsum, for å unngå feil. Dersom feil vert oppdaga, må dette rapporterast til webmaster umiddelbart, slik at feilen kan rettast. *Dersom alle deltakarane er samde, kan det gjerast unntak frå reglane, men dette må avklarast på førehand, minst 24 timar før kampstart. I januar 2005, vart me samde om å innføra SUPERRUNDEN. SUPERRUNDEN kan gjennomførast inntil 4 gonger i sesongen, men med minst ein månads mellomrom. I SUPERRUNDEN kan deltakarane fritt levera det systemet dei tykkjer er høveleg, og dei er ikkje låste til å levera 32-rekkers kupongar.
PREMIE Den deltakaren som etter siste runde har flest poeng, kan utropast som vinnar. I tillegg til heider og æra og tittelen Årets Gissar, skal taparane av tevlinga gå saman og kjøpa ein kasse øl til vinnaren. I tillegg er det avgjort å innføra vandrepokal i Gisseliga-systemet. Årets Gissar '04, Sven, har no altso eit napp i vandrepokalen.
*Lagt til 27.01.05
|
|
COPYRIGHT © KENFRED |
WEBDESIGN : KENFRED |