|
AVSTEMMING OM REGELENDRING - 16.10.2005
Pr. i dag seier reglane at det lyt vera minst 5 kampar frå Premier League for at me skal køyra runde i Gisseligaen. Dette har medført at det vert drastisk mindre rundar, fordi det er fleire kampar frå Championship på kupongen.
På bakgrunn av dette, er det ytra fleire ynskje om å endra litt på denne regelen. Forslaget som har komme fram, er å endra regelen til at det lyt vera minimum 8 kampar frå PL og CCC (dei to øverste divisjonane i England) for at det skal køyrast runde i Gisseligaen.
Denne endringa vil medføra at me får fleire rundar, og at me får eit reglement som er betre tilpassa Laurdags-kupongen til Norsk Tipping.
Men, Gisseligaen er ein tvers igjennom demokratisk liga. Derfor lyt me ha avstemming. Det er viktig at all deltakarar deltek i avstemminga.
SLIK STEMMER DU:
Avstemminga føregår via SMS.
Etter at samtlege deltakarar har avgitt stemme, vart det einstemmig vedteke å endra ordlyden i reglane. Frå 18.10.2005 heiter det at det må vera minst kampar frå dei to øverste divisjonane i England (Premier League og The Championship) for at det skal bli godkjent runde i Gisseligaen. Sjå reglane for meir informasjon.
|