START       REGLEMENT       OM GISSELIGAEN       RUNDE FOR RUNDE       DIVERSE         FORUM

 

REGLEMENT

Kvar laurdagskupong som innheld 8 eller fleire kampar frå Premier League og The Championship i England er godkjent som runde i Gisseligaen*. Kvar deltakar fyller ut ein kupong med 64 rekker. Målet er sjølvsagt å få flest mogeleg rette så lenge tevlinga varar. Tevlinga varar heilt til Premier League sesongen 2005-06 er avslutta.

 

Dersom alle deltakarane er samde, kan det gjerast unntak frå reglane, men dette må avklarast på førehand, minst 24 timar før kampstart. I januar 2005, vart me samde om å innføra SUPERRUNDEN. SUPERRUNDEN kan gjennomførast inntil 4 gonger i sesongen, men med minst ein månads mellomrom. I SUPERRUNDEN kan deltakarane fritt levera det systemet dei tykkjer er høveleg, og dei er ikkje låste til å levera 64 rekkers kupongar.

 

Dersom ein av deltakarane ikkje kan stilla opp til kampstart, skal  han ta kontakt med ein av dei andre deltakarane og avgi sin kupong. Dette må skje seinast ein halv time før kampstart. Dersom ein av deltakarane ikkje stiller med utfylt kupong eller gir beskjed på førehand, får han automatisk tre poeng mindre enn det den deltakaren med lågast poengsum oppnådde i samme runde. 

 

Webmaster vil før kvar runde senda ut SMS til alle deltakarane. I desse SMS’ane vil de finna informasjon om kommande runde. Etter kvar runde vil webmaster senda ut SMS etter at nettsidene er oppdaterte. Alle deltakarar pliktar seg til ei kvar tid å halda seg oppdatert på informasjonen som ligg tilgjengeleg på nettsidene.

 

Webmaster tek atterhald om eventuelle feil i samband med presentasjon av resultata på nettsidene. Hugs difor at kvar deltakar til ei kvar tid har plikt til å følgja med sin eigen poengsum, for å unngå feil. Dersom feil vert oppdaga, må dette rapporterast til webmaster umiddelbart, slik at feilen kan rettast.

 

PREMIE

Etter at siste runde i Preimer League er gjennomført, kårar me ein vinnar. Preimen blir ein kasse 0,33 pilsnerbrus (etter eige val), eit diplom og ein feiande flott medalje.

 

* Etter avstemming, vart det einstemmig vedteke å endra ordlyden i reglane. Opprinneleg heitte det at me måtte ha minst 5 kampar frå Premier League for å køyra Gisseliga-runde. Frå dags dato, 18.10.2005, har me vedteke å endra ordlyden i reglane, slik at me unngår problemet med at det er for få kampar til å køyra Gisseliga-runde. No heiter det at det lyt vera 8 kampar frå dei to øverste divisjonane i England (Premier League og The Championship) for at det skal blir godkjent runde i Gisseligaen.